Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Filtre

Fjellnamn

Av Botolv Helleland

Fjellnamna er ei stor gruppe av dei norske stadnamna, og det er naturleg at dei vert omtala i ein særskild artikkel. Det er likevel vanskeleg å avgrensa dei både formelt og funksjonelt. For det fyrste er omgrepet ‘fjell’ fleirtydig, for det andre representerer denne namnegruppa stor språkleg variasjon, og for det tredje er opphavlege fjellnamn ofte nytta om andre lokalitetstypar, t.d. øyar og gardar. Såleis viser det språklege innhaldet i øy- og gardsnamn  som ® Hovden og ® Huglo at det opphavlege namneobjektet er eit fjell eller ei høgd.

Ein står såleis overfor eit inndelingsproblem når ein vil seia noko om typologien i fjellnamn. Skal ein gå ut frå namn og namneledd som språkleg refererer til ei høgd eller eit fjell, eller skal ein  ta utgangspunkt i namn på lokalitetar som kan karakteriserast som fjell? I det siste tilfellet må ein sjå bort frå namn med tydinga ‘fjell’ når dei er nytta om andre ting, t.d. ein gard. I eit leksikon der siktemålet er meir praktisk enn teoretisk, treng ikkje dette spela så stor rolle, og viktige namn vil verta omtala på sin alfabetiske plass utan omsyn til primær funksjon. Her vil vi leggja eit funksjonelt syn til grunn og nytta fjell i dei to fyrste tydingane i Nynorskordboka (2. utg. 1993): 1) ‘stort, høgt berg (over tregrensa)’, 2) ‘vidde, område som ligg høgt’. Dermed vert fjellnamn å  rekna som namn på lokalitetar av dette slaget.

Som nemnt er fjellnamna lite einsarta når ein ser dei under eitt. På språkleg grunnlag kan ein grovt sett gå ut frå tre grupper: 1) Namn som har eit terrengappellativ eller grunnord for fjell/høgd som sisteledd, t.d. Ramnefjellet, 2) Samanlikningsnamn (metaforiske namn), t.d. Hest, 3) Avleidde namn, t.d. ® Himingen.

Største delen av fjellnamna høyrer til den fyrste gruppa. Mellom dei mest vanlege appellativa for fjell, utanom sjølve ordet fjell, er berg, egg, horg, hovde, hæ, hø, høgd, kamp, klepp, koll, nibb, nibbe, nobb, nut, nyk, pigg, rust, tind, topp, vete, vol. Mange av desse kan rett nok vera nytta om mindre framspring eller høgdeformasjonar som ikkje når opp over tregrensa. For større fjellstrekningar er særleg fjell, ofte i fleirtalsforma fjella, og vidde nytta, men òg ord som fly, flå, flott, hei viser til fjellområde. Døme på fjellnamn med slike vanlege appellativ er Stølshøgda, Stetinden, Ramnefjellet, Storhøa, Valdresflya, Suldalsheiane, Finnmarksvidda,. Dei mest frekvente appellativa i nordsamiske fjellnamn er várri ‘fjell’, gáisá ‘tind, høgt fjell’, č__ohkka ‘tind, fjelltopp’. Dei tilsvarande appellativa i lulesamisk er várre, gájsse, tjåhkkå, og i sørsamisk vaerie, gaejsie, tjahke (t.d. Geaidnogáisá (Deatnu/Tana), Biernatjåhkkå (Tysfjord), Gierkievaerie (Vefsn), sjå nærare under artikkelen om samiske namn).

Grunnorda karakteriserer formasjonane, somme berre grovt, som berg, fjell, hø; andre inneheld ein meir individualiserande karakteristikk, t.d. egg, horg, nibb, pik. Mange av desse grunnorda har om lag same tyding i heile landet, men andre kan variera til dels sterkt. Såleis kan rust vera brukt om både skogkledde høgdedrag og trelause formasjonar over skoggrensa. Ein vil òg sjå at grunnorda for ymse slags fjellformasjonar vekslar regionalt alt etter kva lendetype som dominerer. Til dømes er nut nytta sørvest i landet, medan er særleg utbreidd i stroket frå Nord-Gudbrandsdalen til Trøndelag. Både i Midt-Noreg og i Nord-Noreg er tind vanleg om høge og oftast spisse fjell. Vol høyrer særleg heime i Nord-Østerdalen og Sør-Trøndelag.

Grunntydinga av dei fleste grunnorda i fjellnamn er ‘noko som stikk opp eller fram, noko konvekst’. Til dømes heng både og saman med norr. hór, hár adj ‘høg’. Til same rot høyrer haug. Ei rekkje nærskylde appellativ som nov, nebb, nabb, nobb går attende på ei germansk rot *(s)nab- ‘stikka fram’. Knut og nut høyrer saman med germansk *hnūt-/hnuþ- ‘noko rundaktig som stikk fram’. Ein gamal namnelekk -ald til ei rot *al- i tydinga ‘høg, som ris i veret’ (jfr. latin altus), ligg truleg til grunn i øynamna ® Alden, ® Batalden og fleire. Særmerkt for desse øyane er at dei har dominerande høgder, og venteleg har dette framtredande trekket motivert namngjevinga.

Kor mange ulike appellativ for høgder og fjell som er nytta i namn rundt om i landet, er det ikkje gjort noko sikkert overslag over, men det er i alle fall tale om fleire hundre. Ei gransking av fjellnamna på den vestlege delen av Hardangervidda viser at heile 60 ulike nemne for større og mindre oppståande formasjonar er nytta i namngjevinga berre i dette området. Det viser at namngjevarane har hatt ei høgt utvikla evne til å skilja mellom ulike former og eigenskapar ved lokaliteten.

I tillegg til at individualiteten ved namneobjekta kan karakteriserast gjennom terrengappellativa eller grunnorda i namna, har mange fjell fått namn ved samanlikning med ting som menneska har omkring seg. Tek ein for seg ein større del av fjellnamna, vil ein sjå at namngjevarane har vore svært oppfinnsame når det gjeld å gje uttrykk for karakteristiske trekk ved lokaliteten.  A. O. Vinje uttrykkjer assosiasjonskrafta i eit fjellandskap på ein målande måte i diktet ‘Jøtunheim’: «Den Egg, den Tind, den Pigg, den Klo, den Kniv, d’er Skip og Baatar, som fyr Vinden driv». Mest vanleg er jamføring med menneske og dyr, med lekamsdelar av desse, og med allment kjende ting som kledsplagg, reiskapar, bygningar og utstyr av ymse slag. Samanlikninga er uttrykt i heile namnet når det er usamansett, t.d. Hornet , i sisteleddet  eller i førsteleddet når det er samansett, t.d. Romsdalshornet, ® Segelstein (Nordl). Ikkje få namn inneheld samanlikning med bygningsverk og handverksprodukt, t.d. Høgaloft (Hardangervidda), Gavlen, ® Kyrkja, Råstu Sunndal, MogR), Keipen, Kista (alle fleire stader). Fleire ord som opphavleg har hatt ein rein samanliknande funksjon, har  i visse område vorte så vanlege i topografisk funksjon at dei kan reknast som terrengappellativ, t.d. aksl/oksl, hals, kinn, nase/nos, skalle, m.a. i fjellnamnet Kinna (Oppdal, S-Trl), ® Aksla/Oksla (mange stader), Stugunosi (Filefjell),  ® Hårskallen (N-Trl). Eit vanleg ord som tuve ‘lita såte’ førekjem ofte om fjell som liknar ei såte. Rygg vil i dei fleste fjellområda kunna nyttast om ein noko langstrekt, kvass formasjon og er såleis for appellativ å rekna. Samanlikning med ein menneskeskapnad har ein i t.d. Vågakallen (Lofoten), Høgmannen (N-Trl), Kjerring, Munken, Prestkona (Hardanger). Det kjende ® Hårteigen på Hardangervidda kan det ut frå den karakteristiske skapen vera nærliggjande å sjå som ei samanlikning med den delen av hovudskallen som det veks hår på. Jamføring med dyr og kroppsdelar av dyr finn ein i Svolværgeita, ® Havren, Hjort (Kvinnherad, Hord), Oksen, Bjørn, Vargen (Hardangervidda), ® Digermulen (Trondheim), ® Hestmona (Nordl), Spenane (Sogn) og ikkje minst det vanlege Geiteryggen nytta om langstrekte, kvasse fjellrygger.

Medan grunnordet i namna seier kva slags formasjon det er tale om, gjev utmerkingsleddet nærare opplysning om kva som særmerkjer lokaliteten. Mange fjellnamn fortel om bergslag og jordsmonn, t.d. Grjothovda (Jotunheimen), jf. norr. grjót n ‘stein’, Sandflærne (Hardangervidda), Moldnuten (fl. stader). Også grunnorda seier noko om skapet på formasjonen, men i samansette namn vert grunnordet presisert av førstelekken: ® Folgefonna (til folga f ‘tunt snølag’), ® Fannaråki. Den kvite fargen er namngjevingsgrunn for namn som ® Himingen ® Melderskin og Duk (Hardanger). I fjellnamn som i andre stadnamngrupper vert flora og fauna ofte avspegla, t.d. Grønflya (Jotunheimen), Kvannfjell (Hardangervidda o. fl. stader), Bjørnhøa (Folldal, Hedm), Ørneberget (mange stader).

Folk har nok utnytta fjellet frå gamalt, det viser m.a. ei rad arkeologiske funn, og ein del fjellnamn høyrer til det eldste namnesjiktet, men ein stor del er yngre namn, ofte relasjonsnamn som er laga til andre namn som har funnest føreåt. Jamvel dominerande fjell som ® Gausta (truleg til gardsnamnet Gausta, sistelekken er norr. st_oz_ð f), ® Galdhøpiggen (til Galdhøi), ® Glittertinden (til elvenamnet Glitra), Norefjell (til gardsnamnet Nore) har sekundære namn. ® Dovrefjell er laga til bygde- og gardsnamnet Dovre, Forollhogna (nordvest for Røros) til ® Forollsjøen. ® Rondane meiner ein kjem av eit sjønamn *R_oz_nd. Fleire større fjellparti er namngjevne ut frå distriktet dei ligg i, t.d. Finnmarksvidda, Hardangervidda, Setesdalsheiane. Lokalt vert førstelekken ofte ikkje nytta i slike namn.

Ein kan gå ut frå at tyngda av fjellnamn, særleg namn på mindre formasjonar, er av yngre dato, dvs. frå dei tre-fire siste hundreåra. I ekspansjonstida for seterdrifta på l6-1700-talet og utetter på 1800-talet har ei mengd nye namn kome til. Også i våre dagar vert det laga namn, dels med rot i tradisjonelle næringar, dels med bakgrunn i nyare aktivitetar som anlegg, transport og turisme. Der menneska har utvida verkeområdet sitt, har det oppstått ein naturleg trong for fleire namn. På den andre sida held mange namn på å koma bort for di dei ikkje vert nytta lenger. Namn som Kalvanuten, Sjonarhaugen og Dugurdmålkampen kan framleis vera kjende og nytta dersom det er ein eller annan aktivitet knytt til dei. Namn som har meir direkte opphav i turismen, er ® Jotunheimen, ® Trollheimen, Keilhaus topp (Jotunheimen). Det same gjeld det nylaga Skarvheimen som konkurrerer med det lokale Nordfjella som namn på fjellområdet mellom Bergensbanen og Filefjell. Den fremste formidlaren av fjellnamn og andre stadnamn i dag er faktisk kartet.

Fjella har alltid hatt ein viktig funksjon som orienteringsmerke både på sjø og land, og ved å gje dei namn som svarte til utsjånad eller lægje slik vi har sett mange døme på her, var dei lettare å kjenna att, særleg for reisande. Det er såleis heller ikkje uventa at ein finn ei rekkje fjellnamn som meir direkte kan tolkast som vegleiarar, t.d. ® Kunna, Siggjo og ® Varaldsøy. Ei rad namn inneheld former av norr. varði m, varða f ‘varde’ og norr. viti m ‘vete, fjell med varde på’, t.d. Vettakollen (Oslo), Vattafjellet (Ytter-Namdalen), Storvola (ved Røros) og Vardahaugen (Hardangervidda). Somme av desse namna kan hanga saman med det gamle krigsvarslingssystemet, andre er komne opp på grunnlag av samanlikning. Meir indirekte fortel Dølafjellet mellom Sogn og Gudbrandsdalen om ferdsla. Dette namnet må vera gjeve av sogningane. På si side nytta dølane Sygnefjell (fjellet over mot sygnene, ‘sogningane’) om same området.

Storparten av fjellnamna, både dei samansette og dei usamansette, har bunden form, og dette grammatiske tilhøvet vert generelt nytta som kriterium på at namna ikkje høyrer til det eldste laget. Ein del namn har venteleg fått artikkel tillagd seinare. Og saumfer ein materialet, vil ein finna mange namn i ubunden form, og mange usamansette, t.d. Grim (Voss), Hest (Høyanger, SogFj), Store og Vesle ® Nup (Røldal, Hord), Skrott (Kvam, Hord). Ei alderdomleg form er ® Hangur (Voss). Desse namna er laga til eksisterande ord, men ikkje så få er laga ved avleiing. Særleg er -ing eit vanleg avleiingssuffiks i fjellnamn som i ymse andre namnegrupper, t.d. Himingen, Kvitingen. ® Høvringen (Rondane) kan vera avleitt av norr. hafr m ‘bukk’, og Hyvingen (Voss) synest vera ei ing-avleiing til ei rot *huf-, liksom i norr. hyfri ‘høvre (på hestesele)’. Fjellnamnet SiggjoSiggjarvåg) på Bømlo (Hord) er ei avleiing som kanskje høyrer saman med gotisk saihwan og norr. séa, sjá vb ‘sjå’. Det kan tyda ‘den som er god å sjå’, jf. vegnamna ovanfor. Øynamnet ® Bømlo er sjølv eit gammalt høgdenamn laga ved ill-avleiing.

Trass i det store talet på fjellnamn, eller kanskje nettopp difor, er det til no ikkje gjeve noka større samla vitskapleg drøfting av dei. Ein del monografiar og hovudoppgåver har handsama fjellnamn i avgrensa område. Gjennom åra har det vore skrive ei rekkje artiklar om einskilde namn og namnegrupper. Og som nemnt er mange opphavlege fjellnamn drøfta saman med særleg gards- og øynamn. Dei mest kjende fjellnamna vil ein finna utgreidd på alfabetisk plass i leksikonet.

Litteratur

K. Bakken: Bindings kyrkje. Et stedsnavn fra Seljord, i Avdeling for namnegransking, Årsmelding 1992, Universitetet i Oslo 1993 s. 18-29. B. Helleland: Tydingsutvikling i stadnamngrunnord frå Hardangervidda, i Merking staðfræðilegra samnafna í örnefnun (NORNA-rapporter 28), Uppsala 1985 s. 26-46. B. Helleland: Grananuten, i Avdeling for namnegransking, Årsmelding 1992, Universitetet i Oslo 1993 s. 39-41. (Også trykt i Hardanger, Utne 1994 s. 34-36.) B. Helleland: Hårteigen, i Nordiska orter och ord. Festskrift till Bengt Pamp på 65-årsdagen den 3 november 1993, Lund, s. 94-100. (Også trykt i Hardanger, Utne 1994 s. 37-39.) B. Helleland: Onen og Vassfjøro. To fjellnamn i Ulvik, i NN 1996 s. 53-66. K. Hoel: Navn på Smør-. En generell oversikt og en særlig drøfting av de navn som har et ord for høgdeformasjon som 2. ledd, i Institutt for namnegransking, Årsmelding 1983, Universitetet i Oslo 1984 s. 77-96. P. Hovda i artikkelen «Naturnamn» i KLNM XII, sp. 235-45. Namn i fjellet (litt. liste s. 160-62). P. Hovda: Mån, man f., gn. mon f. i høgdenamn, i Institutt for namnegransking, Årsmelding 1980, Universitetet i Oslo, 1981 s. 49-52. T. E. Jenstad: Fjell jamført med bygningar: Råstu i Sunndal, i NN 1987 s.33-42. E. J. Vintermyr: Øndråsen, Vetefjell og Valåsen - tre navn fra et dialektgeografisk overgangsområde i Aust-Agder, i Institutt for namnegransking, Årsmelding 1984, Universitetet i Oslo 1985 s. 154-166.