Om Stadnamnportalen
Stadnamnportalen er ei samla vising av alle digitale kjelder til stadnamn i Språksamlingane. På lenger sikt er det meininga at alle institusjonar som ynskjer å bidra med digitale stadnamn, kan få data lagt til. Portalen har resultatvising og kartvising for alle kartfesta namn. Kartfesting er gjort ved hjelp av moderne koordinatsette stadnamn frå Sentralt stadnamnregister og frå den digitale matrikkelen til Statens kartverk. Sidan det ikkje alltid er mogleg å stadfeste stader heilt presist, er det i kartfestinga angitt grader av presisjon, der dei mest presise lokaliseringane er angitt med: lokalitetspunkt, adressepunkt og bygningspunkt, og dei minst presise har angivingane hovudteigssentroide og gardsnummerentroide. Det vert lagt til nye datasett med jamne mellomrom, etterkvart som dei vert gjort ferdige.