Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen
Info/Opphavsrett

Opphavsrett

Alle data i Stadnamnportalen er publiserte under open lisens, nærare bestemt CC-BY 4.0, om ikkje anna er uttrykkjeleg oppgitt. Lisensen gir høve for kven som helst til å omarbeide og dele data i kva som helst medium eller format til kva som helst føremål, inkludert kommersielle. Det einaste kravet er at ein oppgir opphavsretten til data og lisenstypen dei er publiserte under. Opphavsretten står oppgitt på omtalen av datasettet, mellom anna under datasett. Størstedelen av datasett er blitt berika av Språksamlingane for å oppdatere og gjere data meir relevante for fleire. Det tydelegaste er kartfesting eller georeferering. Georeferering er ein kompleks prosess, der stadnamnlokalitetar har fått koordinatar, i hovudsak gjennom data frå Statens kartverk, eller utvikla av Språksamlingane basert på Kartverket sine data. Historiske datasett blei georefererte på grunnlag av den historiske gardsmatrikkel utvikla og generøst stilt til rådvelde av Kåre Bævre ved Folkehelseinstituttet. I same prosess er det til dei fleste datasett lagt til ein unik kode for gardsnummer (GNIDu) og matrikkelnummer (MIDu). Kodane gjer det mogleg at eit stadnamn kan følgjast over tid, ved hjelp av gardsnummer eller bruksnummer. Eit stadnamnuttrykk førekjem ofte for fleire stadnamnlokalitetar. For å kunne samle eit stadnamnuttrykk til bruk i forsking eller normering, har kvart stadnamnuttrykk fått lagt til ein unik stadnamn-ID (SNID), som samlar fleire kjeldeoppslag under ei namneform. Denne funksjonaliteten er under konstant utvikling og mange stadnamnuttrykk manglar enno å bli samla. Om ein ønskjer å referere til eit bestemt stadnamnoppslag, kan ein på infosida klikke på 'Kopier varig lenke' plassert under namnet til oppslaget. Lenka inneheld ei varig lenke med unik identifikator til oppslaget.