Nokre ord om nemningar, namngjeving og namnegransking
Med stadnamn meiner vi namn på geografiske lokalitetar av alle slag. Etter kva slag lokalitetar stadnamna er knytte til, kan vi dele namna inn i ymse grupper, som gardsnamn, bynamn, øynamn, fjordnamn, elvenamn, innsjønamn osv. Nokre av dei viktigaste gruppene av dette slaget blir drøfta i eigne kapittel i denne boka.
Etter det saklege innhaldet kan vi dele inn alle stadnamn i hovudgruppene naturnamn og kulturnamn,sjå nærare under Gards- og andre bustadnamn s. 00.
Går vi ut frå formelle språklege tilhøve ved namna, kan vi m.a. skilje mellom usamansette (usms.) namn som Berg, Vik og samansette (sms.) som Håberg, Djupvik. I alle desse døma har vi å gjera med namn i ubunden eller ubestemt (ub.) form. Andre namn har bunden (b.) form i eintal (eint.): Berget, Vika, Håberget, Djupvika, eller i fleirtal (fleirt.): Haugan/Haugane. Ofte kan stadnamn vera stivna i kasusformer,særleg da dativ: Berge (eint.), Torpo, Haugom (fleirt.).
Som nemning på det første leddet i sms. namn blir det her i boka vanleg brukt førsteledd,på det siste sisteledd eller grunnord. Termen grunnord går på sjølve lokalitetsnemninga, t.d. vik i sms. Djupvik,og da dette leddet i norsk språk mest utan unnatak står *sist *i sms. namn, fell nemningane grunnord og sisteledd saman. Førsteleddet blir eit slag utmerkingsord,ei nemning som ein òg vil finne brukt i norsk stadnamnlitteratur. I fleirledda sms. namn som Tryvasshøgda må vi rekne høgda som sisteledd eller grunnord og Tryvass som førsteledd. Tek vi så førsteleddet Tryvass for seg,blir vass (genitiv av vatn) grunnord og Try førsteledd.
Vi skal elles merke oss at eit grunnord også kan stå åleine som stadnamn.
Somme grunnord, frå eldre eller nyare tid, er svært vanlege i sms. namn, slik t.d. heim eller land eller stad (gno. -staðir) i sms. gardsnamn. Vi talar da ofte om namneklassar,på -heim, -land osv.
Fleire av dei viktigaste og vanlegaste grunnorda i stadnamn blir her i boka tekne opp i eigne, alfabetisk ordna artiklar.
Formelt skilde frå dei sms. stadnamna er, i alle fall etter tilhøva i dag, dei avleidde namna, laga med ymse avleiingsendingar som t.d. -ing i Øyingen, -er (av eldre nordisk -ia) i Øyeren, -und i Borgund.
Kor mange stadnamn det er eller har vore i Noreg, kan ingen seie for visst. Etter ymse overslag som er gjorde, kan vi halde det for truleg at det for eit par-tre mannsaldrar sidan var ein stad mellom fem og ti millionar namn. Sidan da har talet gått monaleg ned. Avvikling av utmarksdrifta, mekanisering av jordbruket, omlegging av kystfisket, motorisering av samferdsla osv. har ført til at namn på vollar og slætte, åkerlappar og teigar, méd og grunnar, kløvvegar og stigar har komme bort. Og namneauken, gjennom påsette namn på m.a. gater og vegar i bymiljø, har ikkje vore på langt nær så stor.
Ofte kan det elles vera vanskeleg å skilje stadnamna greitt ut frå vanlege fellesnamn (appellativ). Eit ord som Vatnet eller Øya kan i faste sosiale og geografiske miljø gjera nytte som eigentlege stadnamn. Ei slik sosial gruppe med faste brukarar av eit stadnamn eller ein stadnamnflokk blir kalla namnekrins. Namnekrinsen for eit teignamn er t.d. garden eller grenda, for eit gardsnamn til vanleg bygda. I eldre tid vart mest alle stadnamna overførde eller traderte munnleg, frå generasjon til generasjon innafor den faste namnekrinsen, Dei hadde si faste uttaleform, som var sjølve namnet. Freistnader på å skriftfeste namna var sjeldsynte og ofte nokså vilkårlege. Berre nokre få namnegrupper, først og fremst gardsnamna, har gjennomgåande ein lengre skriftleg namnetradisjon attom seg.
I dei siste generasjonane har heile dette mønsteret vorte sterkt endra. Utviklinga av kart, av landsomfattande kommunikasjonar, presse, kringkasting, turistliv osv. har gjort at namna ofte blir kjende vidt utafor den eigentlege namnekrinsen. Dei fleste lærer å kjenne stadnamn gjennom kart eller skrift eller gjennom munnlege heimelsmenn som sjølve har lært namna å kjenne på den måten. Dei gamle faste uttaleformene går i oppløysing. Det lagar seg normerte uttaleformer av ymse slag, ofte på grunnlag av skriftforma, som mange da held for den «rette» namneforma, jamvel der ho er heller vilkårleg.
Ut frå dette seier det seg sjølv at den genuine, nedervde uttaleforma er svært viktig å kjenne når ein skal prøve å tolke og forklare namn. Skriftformer frå dei siste tre-fire hundreåra er derimot mindre å bygge på til dette føremålet. Her må ein særskilt nemne at dei danske skriftformene frå t.d. 1600- og 1700-talet ofte er misforståtte og forvrengde, slik det måtte bli når framande skrivarar skulle skrive ned namn frå målføre dei snautt skjøna. Mykje større vekt kan ein da legge på skriftformer fra mellomalderen, ikkje minst frå noko eldre tid, t.d. 1200- og 1300-talet. Desse skriftformene er ofte svært støe og pålitande, og dei har dessuten den føremonnen at dei kan syne oss stadnamna i ei meir opphavleg form, før dei store språkendringane i seinmellomalderen. Det er mest gards- og soknenamn og somme andre viktige namn vi kan rekne med å finne i mellomalderkjelder.
For å kunne tolke stadnamn er det elles naudsynt å kjenne språktilhøva i eldre og nyare tid (ordtilfang, namnelaging, lydutvikling), og i dei fleste høve er det viktig å kjenne sjølve staden (realkunnskap). Ikkje minst må ein streke under verdien det har å kjenne dei generelle prinsippa for laging av stadnamn og ha oversyn over eit større materiale til jamføring.
Dei eldste stadnamna i landet går langt attafor den tida vi har skrivne kjelder om. Eit gardsnamn som Sola, eit elvenamn som Nið (Nidelva, Nea), eit øynamn som Hitra går truleg attende til før Kr. f., kor mykje lenger, veit vi ikkje. Store mengder av gards- og bygdenamn, elve-, øy- og fjordnamn osv. skriv seg sikkert frå det første tusenåret av vår tidsrekning. I artiklane om dei ymse namnegruppene og grunnorda blir datering av namna nærare drøfta.
Av di stadnamna finst i så stort tal og går så langt tilbake i tida, utgjer dei eit rikt språkvitskapleg materiale. Dei gir opplysningar om ordtilfang og namnelaging i eldre og nyare tid. Ikkje få eldre norske ord er t.d. kjende eller let seg rekonstruere berre gjennom stadnamn. Stadnamna er kjelder til kunnskap om lydovergangar og lydutvikling elles, t.d. om i- og u-omlyd, bryting, assimilasjonar osv.
Stadnamna er også viktige som kulturhistorisk og allment historisk kjeldemateriale. Ikkje minst gjeld dette for gardsnamna som einskildvis og i grupper kan fortelje om rydding og busetnad, driftsformer og administrative tilhøve, om gudsdyrking og folketru i heidensk og kristen tid, om sosiale og økonomiske tilhøve av ymse slag. Men også kulturnamn av andre grupper, t.d. åkernamn, teignamn og andre slike reint lokale namn, kan lære oss mykje om gardsdrift og arbeidsliv innan- og utangjerdes, på land og sjø. Dei fortel om dyr og menneske på garden, om kornavl og krøtterdrift, om plantar som har vore nytta eller dyrka, om stølsdrift, jakt og fangst osv.
Føresetnaden for å kunne utnytte stadnamna slik er at vi forstår kva dei fortel og at dei seier sant. Det siste treng vi ikkje tvile på ved gamle namn. Svært mange av desse kan vi rekne for «sjølvgjevne». Ein holme der selen søkte opp på land, vart Kobbeholmen,ein tange der ein ropte på skyss over sundet, vart Roparneset,ei elv med mykje laks Laksåa osv. Andre gonger vart nok namn meir medvete påsette av folk, etter t.d. utsjånad eller bestemte hendingar på staden. Men for det aller meste torer vi rekne med at namna er sprungne ut av røynlege tilhøve knytte til staden.
I nyare tid er det skapt ei namngjeving der dette direkte sambandet mellom namn og namnegrunnlag er brote. Slik er det ikkje minst i bymiljø, når ei gate i våre dagar får namn etter ein historisk person eller ein statsmann, når ein villa får namn av typen Gimle eller Sorgenfri. På sitt vis er også slike namn ofte interessante tidsdokument, men ein må bruke dei på ein annan måte. I denne boka står namn av dette slaget ikkje sentralt.