Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Norsk stadnamnleksikon/Område- og bygdenamn

Område- og bygdenamn

Av Ola Stemshaug

Til områdenamn reknar vi namn på landsdelar og landskap som er større enn bygda (heradet, kommunen). Hit høyrer altså fylkes- og bispedømenamn, namn på domssokner, prosti osb. Bygdenamn er som oftast gamle sokne- og heradsnamn (herad da i tyding «landkommune» slik desse var før storkommunane kom i første halvparten av 1960-åra). Men etter opphavet er dei dels bygde-, dels øyeller fjord-, dels gardsnamn o. 1. Vanlege grendenamn plar ein stort sett ikkje rekne hit (dei er da òg i dei fleste tilfelle gått ut frå eit gardsnamn). Likevel finst det ein del samlenamn for område som er noko mindre enn den vanlege «bygda» (t.d. Skåbu i Fron, Vikvarvet i Selbu, Vågsbygda i Kristiansand), og desse namna er tradisjonelt grupperte blant bygdenamna. Med di avgrensinga i storleik nedover er vanskeleg, tek vi her med nokre grensetilfelle.

Dei store landsdelsnamna våre, Vestlandet, Austlandet, Sørlandet og Nord-Noreg,er heller unge, dei to siste frå vårt hundreår. Trøndelag derimot er eit eldgammalt namn for det gamle lovområdet til trønderane. I 80- og 90-åra har vi dessutan fått Midt-Noreg som eit heller vanleg namn for den nordlege delen av Sør-Noreg, oftast Møre og Romsdal pluss Trøndelag. Somme gonger blir òg Helgeland lengst sør i Nord-Noreg rekna med til det enno noko upresise Midt-Noreg. Denne nye namnebruken har igjen ført til at Sør-Noreg i dag (1997) blir bruka meir innsnevra om Noreg sør om Dovre og Stad, i tillegg til den gamle og korrekte bruken om alt land sør for Nord-Noreg.

verkar svært så rot-norske - og dei er jamtover mellomalderlege inndelingsnamn. Men dei har ikkje levd fram til i dag utan tradisjonsbrott. I dansketida fekk vi lens-, amts- og stiftsnamn etter dansk mønster, dvs. oftast med namn etter administrasjonssetet. Slik dragsa vi med Nordre og Søndre Bergenhus amt(er), Nedenes amt, Bratsberg amt, Smålenenes amt osb. heilt fram til 1919. Da kom fylkesnamna med i den sterke namnefornorskingsprosessen som det for alvor vart gjort opptak til rundt hundreårsskiftet. Vi fekk altså avløysarar som Sogn og Fjordane, Hordaland, Aust-Agder, Telemark og Østfold.

fleste fylkes- og landskapsnamna våre er opphavlege naturnamn som t.d. Troms, Salten, Møre, Sogn, Solør, Valdres, Agder. Somme kan vise tilbake til laust organiserte 'folkland', dvs. området for ei folkegruppe eller stamme. Dette gjeld namn som Hordaland, Rogaland, Hadeland, Gren land der hozrdar, rygir, haðar og grenir levde. Ein vil gjerne følgje både namn og folk tilbake til folkevandringstida (ca. 400--600 e. Kr.). Om ein meir fasttømra organisasjon kan bruken av etterleddet rike vitne i namn som Romerike og Ringerike (dessutan òg Ranrike,det gamle namnet på Båhuslen). Også namn som Telemark og Finnmark,laga til Þilir og finnar (den vanlege, gamle norske nemninga for samar), har folkenamn i førsteleddet.

inndelingsnamn vart ikkje «fornorska» i mellomkrigstida. Slik minner framleis Akershus, Buskerud og Fosen oss om kvar administrasjonsstaden for området har vore.

vi til bygdenamna, finn vi òg der ein stor prosent opphavlege naturnamn. Mange av desse kan framleis vera levande som naturnamn, slik t.d. Vefsn(a), Vega, Frøya, Hidra. Andre kan ha overlevd berre som bygdenamn, t.d. Vinger, Verran, Rana. Vi har dessutan ei rad samansette naturnamn mellom bygdenamna: Aremark, Eidsberg, Masfjorden, Bremanger, Øksnes. Ikkje minst er samansetningar med -dal vanlege: Uvdal, Lårdal, Rendal, Lærdal, Verdal, Ogndal, Saltdal. Grensa mellom somme slike bygdenamn og områdenamn (som Setesdal, Østerdalen) kan ofte verke tilfeldig og er stundom vanskeleg å dra.

mange av bygdenamna er gamle gardsnamn og prosentvis fleire di eldre gardsnamna er. Magnus Olsen har rekna ut kor mange gardar som har vorte kyrkjestader (det vil oftast òg seie at gardsnamna har vorte soknenamn) av dei gamle gardsnamnegruppene:

  • 67 vin-gardar er vortne kyrkjestader (6, 7 %)
  • 39 heim-gardar er vortne kyrkjestader (3, 9 %)
  • 63 staðir-gardar er vortne kyrkjestader (2, 5 %)
  • 35 land-gardar er vortne kyrkjestader (1, 75 %)
  • 5 setr-gardar er vortne kyrkjestader (0, 55 %)

Ingen av dei unge rud-namna har fått soknenamns status, men elles råkar vi på namn som Gjerdrum, Granvin, Hegra, Solum, Elverum, Kråkstad, Heskestad, Sortland, Herland, Tynset, Nesset. Ein del etterledd er i særleg grad knytte til bygdenamna våre. Mellom dei kan vi nemne bygd f, bu n og m (det siste finst òg i mange gardsnamn). Alle desse orda har ei grunntyding 'bygd stad'. Bygd har vi spreidd utover heile Sør-Noreg: Stadsbygda, Dalsbygda, Venabygda, Heradsbygda, Sørskogsbygda, Vågsbygda (og Øverbygd frå austnorsk innflyttarområde i Nord-Noreg). Bu derimot har ein -- som bygdenamn --berre i dei gamle Trøndelagsbygdene og indre delar av Austlandet: Sparbu, Selbu, Rennebu, Ringebu, Brandbu. Ein har jamført desse gamle namna med tilsvarande svenske heradsnamn på -bo, og det kan vera mogleg at ein her har far etter ei eldgammal, førkristen administrativ inndeling. /by er ofte vorte bygdenamn, både usamansett (t.d. i Nordland, Telemark) og samansett (t.d. Vestby i Akershus). I alle tilfelle har da utgangspunktet vore eit gardsnamn. Men på Agder og i delar av Telemark og Rogaland kan ein òg bruke meir allment om ei lita bygd (Hjuksebø, Hjordalsbø, Åraksbø).

Bygdenamn på -bing(en) er nytta om avstengde grender og bygdelag på Austlandet. Det finst òg som gardsnamn. Grunnordet grend f derimot er berre brukt om fleire gardsbruk som ligg i lag, frå først av, og framleis vanleg, om grender. Kvarv n og det avleidde kverve n som etterledd i bygde- og grendenamn har ein særleg i Trøndelag og på Austlandet (Vikvarvet, Røstkvervet, Sandsvær).Usamansett har ein Gvarv. Hverfi er svært vanleg på Island.

Også repp m (nærast med tydinga 'bygdelag') er eit svært vanleg grunnord i islandske bygdenamn. I norsk er ordet kjent i appellativisk bruk frå fleire vestlege dalføre på Austlandet (òg i forma ripp frå Ringerike) og frå fjordstrøk frå Nordmøre og sørover. I stadnamna har vi Reppen og -repp(en) over eit større område, t.d. Reppen på Leka, Moreppen i Nannestad.

Elles har vi gamle bygdenamn som fortel om det sosiale livet, på gno. -drykkja f (Skogabergdrykkja i RB, frå Nes på Romerike) og -liði m 'grend, krins av gardar (legd)'. Liknande bakgrunn har sokn f, eit område der folk søkte til same kyrkje (kyrkjesokn) eller tingstad (tingsokn). Eit gjeld som vi har i prestegjeld derimot, er «vel egentlig et Samfund med fælles Udgifter el. Udredsler» (Aasen), jf. gno. gjalda vb 'betala' og gilde n. I det levende talemålet har vi former som Aurgjeldet (Aure prestegjeld, Nordmøre) og Nessetgjeldet (Nesset prestegjeld, Romsdalen).

Verdsleg-administrativ inndelingsnemning er skipreiðaf som ein i mellomalderen brukte om eit distrikt som var så stort at det skulle utstyre (gno. reiða vb) eit leidangsskip. Denne skipnaden er kanskje den eldste kjende inndelinga av landet vårt, og etter tradisjonen rakk sjølve inndelingssystemet så langt inn i landet som laksen gjekk opp i elvane.

Skipreidene svarar i omfang ofte til dei gamle herad n som vi nytta om kommunane på bygdene frå 1863 til først i 1960-åra. For å løyse ein språkstridsfloke (nynorsk herad mot bokmål herred) kvitta vi oss med denne gamle inndelingsnemninga og tok den franske kommune (eigentleg eit latinsk ord for 'fellesskap'). Den opphavlege tydinga av herad har vel i Noreg vore 'bygd' (på Austlandet skal det etter Gustav Indrebø ha vore nemning for 'tingkrins') slik som vi kan finne det i det usamansette Herad og samansetningar som Gransherad, Krødsherad, Kvinnherad.

På Austlandet var herada iflg. Gustav Indrebø inndelte i fjerdingar (i eint. gno. fjórðungr in), dvs. einingar på fire. Slike reint aritmetiske inndelingar er i mellomalderen velkjende i heile Skandinavia og i det skandinaviske kolonisasjons-området i vest. Somme gonger kunne inndelingseiningane vera færre (gno. halfa f, þriðjungr m), andre tider fleire (gno. settungr m, áttungr m).

Det er berre få norske bygdenamn som har bevart desse inndelingstermane i den offisielle skriftforma. Eit einstaka døme på -halfa er Overhalla i Namdalen. I vanleg talemål lever likevel stundom inndelingsnemninga, t.d. Bøfjerdingen i Vesterålen, Borgfjerdingen i Lofoten. I innbyggjarnamna er det enda meir seigliva bruk av nemningane: meløyfjerding (person frå Meløy i Nordland), herøyfjerding (person frå Herøy i Nordland).

Dette siste fenomenet minner oss om eit lite avsnitt som plar stå på slutten av kvar heradsbolk i alle banda av Ryghs «Norske Gaardnavne», nemleg «Gamle Bygdenavne». Mange av dei er nok «forsvundne», men ikkje få var enno til for kort tid sidan livs levande blant vanlege bygdefolk. Når dei sjeldan vart skriftfeste, kunne årsaka vera som ved Bøfjerdingen: Ein greidde seg med hovudordet (det gamle stadnamnet). Same resultat ville ein få om det geografiske området som bygdenamnet dekte, ikkje svara til området for eit «gangbart» administrativt inndelingsnamn (som sokn, herad). Det siste forholdet er gjernast årsaka til at så mange namn for mindre område, ofte grendenamn, einast har overlevd i munnleg tradisjon.

Litt.:Andersson 1965. K. Aune: Bygdenavna i Fosen, i Årbok Fosen historielag 1965, s. 7-24. Indrebø I927. Indrebø l935. M. Olsen i NK V. NG Indl. J. Sandnes: Gamle bygdenamn i Nord-Trøndelag, i Årbok Nord-Trøndelag historielag 1970 s. 29-43. Stemshaug I973. Artiklar i KLNM om fleire av dei nemnde etterledda.