Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Elvenamn

Av Ola Stemshaug

Mange av elvenamna våre høyrer til det aller eldste språkmaterialet ein har overlevert på norsk grunn. Eit døme er elva Veig i Hardanger. Ordet er kjent frå gno. i tydinga ‘sterk drikk’ (øl, mjød), men må tidlegare ha hatt eit meir generelt innhald ‘væske, vatn’. Det er denne opphavlege tydinga vi må ha i elvenamnet. Eit liknande ord har ein i Lågen, Gudbrandsdalslågen eller Numedalslågen, til gno. l_oz_gr m, som òg tyder ‘vatn’.

Ei slik grunntyding finn vi dessutan i dei mest brukte grunnorda i samansette elvenamn. ® Å, som før har vore eit vanleg appellativ over heile landet, men som i dag blir brukt slik særleg på delar av Sør-Vestlandet og på Austlandet, er same ordet som lat. aqua og tyder altså opphavleg ‘vatn’ det òg. Eit liknande forhold er det ved ® bekk, som i dei fleste målføre i dag er det vanlege ordet for mindre vasslaup. Ein plar setje det i samband med nærskylde ord som tyder ‘rennande vatn’, ‘sump’ o.l. Litt annleis er det med ® elv, som vart svært lite brukt i gno. På norsk område vart ordet berre nytta i Raumelfr (nedste delen av Glomma) og Gautelfr (Gøtaelv - også om Trysilelva).    Elvenamna er elles den naturnamngruppa som har færrast grunnord. I tillegg til dei tre vi har nemnt ovafor, er det berre grov f og løk m, gno. lækr ‘bekk’, som går over eit noko større område her i landet.

At elvenamna våre er gamle, kan vi sjå på fleire måtar. I samansette eller avleidde namn frå eit dalføre går ofte elvenamnet inn som primærnamn. Det kan vera den svært vanlege typen Lærdal, Stjørdal, Verdal, som alle har eit tapt elvenamn i førsteleddet. Men vi kan òg ha lokalnamn samansette med elvenamnet heile dalføret oppover. Slik er det i Forddalen i Singsås, Sør-Trøndelag. Dalen har namn etter ® Forda, ei sideelv til Gaula. Staden der Forda fell ut i hovudelva heiter Fordosen, og straks ved ligg den gamle garden Fordset, i dag kyrkjestad. Eit stykke oppe i dalen har vi ein annan gard, Fordodden (i dagleg tale vanleg Odden), der Nyåa renn saman med Forda. På grensa mot Hedmark ligg så kjelda for Forda, Forolsjøen, under Forolhogna. Denne sjøen har tidlegare truleg heitt berre *Foroll(en), venteleg med ei ull-avleiing til elvenamnet, slik som i andre innsjønamn, jf. det eldre namnet på ® Snåsavatnet (*Kviðull) med ein suffiksvariant til -ill som vi til dømes har i den eldre forma *Orkill for ® Orkelsjøen lenger vest, kjelda for Orkla. Den språklege fintolkinga av *Foroll(en) kan vera noko problematisk, men sambandet med elvenamnet er i alle fall klart.

Den «lagfølgemetoden» vi har sett døme på her, vart mykje brukt av Oluf Rygh og seinare norske stadnamngranskarar til å spore opp tapte elvenamn. Eit typisk døme er Nidelva som feil ut ved Arendal. Ho kjem frå Nisser (< gno. Nizir, dvs. Niðsær) i ® Nissedal (Nizidalr). Elva renn så gjennom innsjøen ® Nelaug (truleg < gno. *Niðl_oz_gr) og framom gardane Nerstein (< gno. *Niðarsteinn) og ® Nedenes (< gno. *Niðarnes). Vi kan difor heilt trygt gå ut frå at det gamle usamansette elvenamnet har vore Nið, det same som namnet på Nidelva i Trondheim, og slik som elva heiter i Selbu og Tydal i dag (i bunden form): Nea.

Andre ting som indikerer at svært mange av dei usamansette elvenamna våre høyrer til primærnamnestoffet, er samansetningane med gamle bustadnamnlekkar. Vi såg at Forda fanst i eit set-namn (Fordset), dvs. skikkeleg tusen år gammalt. Det finst òg eldre samansetningar, med -land: Gjeveland, Åmli, Aust-Agder, til *G_æ_f el. *Gef, med -heim: Haslum («i Hasleimi» ca. 1400), Lier, Buskerud, til eit elvenamn *Hasla, laga til trenamnet hasl m, med -vin: Bøli («i Bylini» ca. 1400), Eidsberg, Østfold, truleg til Byla. Dei eldste samansetningane med gardsnamnlekkar peikar altså innpå eit par tusen år tilbake.

Somme forskarar (Krahe o.a.) har vilja sjå førgermanske språkminne i nokre av dei eldste usamansette elvenamna våre. MeIlom anna har ein forsøkt å setje gno. Ala (Valdres), Raðund (no Rana i Nordland), Ork og Nið inn i ein slik sentral- og vesteuropeisk samanheng. Dei forskingsresultata ein er komen fram til for norske elvenamn, er enno nokså usikre. Eit veikt punkt hos Krahe er nemleg tilhøvet mellom laging primært som namn (direkte proprielt Nið t.d.) og laging sekundært som namn (ut frå eit alt eksisterande substantiv nið).

På sikrare kronologisk grunn står ein ved nokre få avlydslagingar i norske vassdragsnamn. Såleis reknar ein med slike lagingar ved namnepara Aurr (eldre namn på Rødenessjøen, Østf) og Yrja (utløpselva frå Rødenessjøen), ® Mj_æ_r (vatn i Enebakk) og elvenamnet Mors > ® Moss, *Ver (Verdalselva) og *V_æ_rir (namnet på kjeldesjøen, no Veresvatnet, N-Trl). Her må namnelagingane gå tilbake til tida før Kr. fødsel, kanskje inn i sein bronsealder. Slike forholdsvis klare namnepar laga med avlyd er elles ikkje sikkert belagt frå resten av Skandinavia.

Mange alderdomlege avleiingar viser til det første halve tusenåret av vår tidsrekning, kanskje enda lenger tilbake. Vi har såleis avleiingar på -m-, -n-, -s-, -str og -und: Simoa, hovudelva gjennom Sigdal, < *Sigm(a) til síga, vb, Sogn fl. stader, til súga, vb, kanskje òg Vefsna som av Jakob Sverdrup blir sett til *vefs, insektnamnet kvefs, altså ‘den som summar’, og det skulle semantisk koma i same gruppe som Humla, Bremsa (annleis Hovda 1966 s. 119), Kinso som vi kjenner frå førstelekken i Kinsarvik, Istra, tverrelv til Rauma i Romsdal, Brumunda på Hedmark, kanskje òg Lomunda i Rindal på Nordmøre. Yngre kan (i)ōn-avleiingane vera, dvs. elvenamn som har linn form. Avhengig av suffikset kan ein her få omlydde (-iōn) eller ikkje omlydde (-ōn) former: Senda eller Sanda (til sand m).

Vi merkar oss at alle gamle, usamansette elvenamn er hokjønn. Det er helst av di dei vanlege grunnorda for rennande vatn, å og elv, er hokjønnsord. Unntak som Migaren eller Silaren (nomen agentis), Hemne i Sør-Trøndelag, er yngre og ikkje så frekvente.

I forhistorisk tid har sikkert det vanlege vore at elvenamna var usamansette. I delar av landet må ein likevel alt tidleg i vikingtida ha kjent det naturleg å føye til eit grunnord, for da Island vart kolonisert ca. 900, fekk mest alle elvane og bekkene der namn samansette med á og lækr ifølgje Landnåma. I Noreg har mange eldre usamansette namn fått forklarande (epeksegetiske) eller andre tillegg, anten som Nidelva ovafor eller som Jostedalselva i Sogn, til eit eldre elvenamn Jostrai Jostrudal» ca. 1360). Dessutan kunne ein få nye relasjonsnamn (oftast etter gardar) av typen Bustadbekken, Haugaelva (til Haug eller gardsnamn som enda på -haug).

I dag eksisterer dei gamle usamansette namna først og fremst i indre delar av Sør-Trøndelag og i dalane på Austlandet. Særleg tett er det med usamansette elvenamn i øvre delar av Gauldalen og i Orkladalføret, t.d. i Rennebu, «her findes der neppe et Vandløb, selv af de mindste, som ikke har et Navn af gammelt Udseende» (K. Rygh i innleiinga til «Norske Elvenavne»). Ei av årsakene til dette er venteleg at det var meir spreidd busetnad i stroka inn mot fjellet. Dei ekstensive jordbruksformene med setring, markaslått, mosesanking - og dessutan jakt - betydde meir oppe i fjelldalane enn nede på flatbygdene, dvs. elvenamna var meir knytte til kollektivet enn til einskildmennesket i utkantane av busetjingsområdet.

Vi må dessutan rekne med at ein mange stader kom til å nytte berre appellativa «elva» eller «åa» i dagleg tale. Slik òg kunne dei usamansette namna gå tapt. I periferien av brukarkrinsen kunne det i slike tilfelle vera naturleg å feste appellativet til gardsnamna, som hadde eit vidare bruksområde. Slik fekk ein namn av den nemnde typen: Haugaelva, Nesaelva, Bergsåa eller Vikselva. Førsteleddet står vanlegvis i genitiv. Ofte er denne namngjevingsprosessen årsak til at sjølv små elvar kan skifte namn fleire gonger oppover vassdraget. Eit slikt døme er (nedafrå) Åelva, Liaelva og Røstlielva, som har avløyst eit eldre elvenamn *Rust i Hemne, Sør-Trøndelag.

På ein forunderleg måte spela elvane ei sentral rolle i det gamle bondesamfunnet. Dei var levande i naturen, på same tid som dei batt saman, stengde dei. Flaum og leirfall kunne rasere store jordbruksområde, men samstundes gav fisken i elva eit kjærkome tilskott til hushaldet. Alt dette er truleg årsak til at så mange av elvenamna våre har fått ein individualiserande karakteristikk. Dei kan vitne om låten som Belja, Dynjand, Geispa (Valdres), kanskje òg Hauka, truleg det vanlegaste av alle norske elvenamn (Sophus Bugge i «Norske Elvenavne» set namnet i samband med fuglenamnet hauk), Kvina, Skrasla, Skvaldra, Songa, Tura. Dei kan fortelje noko om fall og straum i elva som Dansarhora (Snåsa), Lygna (til logn adj ‘roleg’), Opo (Hardanger) ‘den som fyk attende’. Hit høyrer òg fleire pres. part.-namn, t.d. Eisandi (Lærdal) til eisa vb ‘ruse, renne fort og kraftig fram’, Migande, Verpande til gno. verpa vb ‘kaste’. Somme karakteristiske fossenamn er smidde over same leisten: Hangande, Rjukande, no avstytt til Rjukan.

Andre elvar kan få namn etter korleis elvefaret er: Spjøta, Stavåa og Stokka renn beint, medan Krokutbekken, Kringla og Vinda er svingute. Der Gryta, Grjota og Skjerva renn, er det steinut botn eller fjellgrunn. På liknande vis blir Sandåa og Leirelva karakteriserte. Stundom kan flora og fauna i og ved elva vera årsak til namnet: Fura, Gressåa (Snåsa), Lauva, Bjøra og Bjorelva, til gno. bjórr m ‘bever’, Dyråa, Stetbekken, til stete f ‘småaure’, Tidbekken, til tide vb ‘gyte’. I mange tilfelle, som Hjortedøla (Hornindal), Mardøla (Møre og Romsdal) til gno. marr m ‘hest’, Otra, Uglåa (Rendalen) kan det vera vanskeleg å avgjera om vi har for oss eit samanlikningsnamn eller eit namn som har vorte til for di hjorten, oteren eller andre dyr har hatt tilhald i eller ved elva.

Ofte er det fargen eller lysforholda namngjevaren har festa seg ved: Raudbekken frå Løkken til Orkla fører med seg gruveslam, og Mjølkelva (Hattfjelldal) er kvitgrå for di ho har leirhaldig brevatn. Skiråa (Sunndal) er laga til gno. skírr adj ‘rein, klar’, motsett Blakka (Trysil) til gno. blakkr adj ‘gul(brun), grå’. Glitra i Jotunheimen har fått namnet sitt etter «breglinga i den jamt fossande åa, særleg tydeleg når ein ser ho noko på fråstand» (Ekre 1960 s. 84). Seinare har vi så fått relasjonsnamnet Glittertinden.

Døma ovafor har tydeleg demonstrert det store mangfeldet i elvenamngjevinga - og enda er det mange typar som er utelatne, t.d. dei tilfelle der elva har hatt ein grensefunksjon (Grense-Jakobselv), ein transportfunksjon, ein kultfunksjon osb. Alt dette fortel oss at elvenamna venteleg er den naturnamngruppa som har den mest varierte namngjevingsbakgrunnen.

Litteratur

DSÅ. Ekre 1960. P. Hovda: Fossenamn, i MM 1945 s. 97-115. Hovda 1966. G. Indrebø: Norske elvenamn, i NoB 1928 s. 131-76. G. Indrebø: Nokre elvenamn, i MM 1941 s. 105-14. F. Jónsson: Islandske elvenavne, i NoB 1914 s. 18-28. Krahe 1953 og 1964. NE. Sandnes 1963. Stemshaug i NoB 1995 s. 5-24. Strandberg 1988. J. Sverdrup: Elvenavnet Vefsn og norske elvenavn med n-suffiks, i MM 1910 s. 143-54.