Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Fjordnamn

Av Oddvar Nes

Som fjordnamn skal her reknast namn på større og noko mindre innskjeringar av havet i kystlinja; det er særleg namna på større innbuktningar, fjordar, som vil bli drøfta.

Innan det nordiske språkområdet er det helst Noreg og Island som har ein kyst som gir grunn til ei utbreidd fjordnamngiving. Fjordnamna på Island, som alle er gitt av norskætta innvandrarar, er temmeleg gjennomsiktige når det gjeld tyding. Flesteparten av dei islandske fjordnamna er sammansette; for det meste har dei fjörður og vík som grunnord. Berre nokre få fjordar på Island ber usamansette namn, t.d. Skjálfandi ‘den skjelvande, urolege’, Rangali ‘den som er svært krokete’.

I Noreg var svært mange opphavlege fjordnamn alt i gno. tid gått over til å bli brukte også som bygdenamn (t.d. ® Drammen, ® Syvde, ® Ølen) eller områdenamn (t.d. ® Follo, ® Salten, ® Sogn). Slike namn vil likevel bli tatt med i denne framstillinga dersom dei tidlegast synest å ha fungert som fjordnamn.

I våre dagar er mesteparten av namna på fjordar, vikar, pollar, vågar og sund samansette, dvs. at dei er laga med eit førsteledd (utmerkingsledd) og eit sisteledd (grunnord). Desse samansette namna kan grovt delast inn i to grupper: l. Namn med gardsnamn eller andre namn (t.d. bygdenamn, øynamn) som førsteledd: Bokna-fjorden, Mauseid-vågen, Ramsøy-fjorden, Tromsø-sundet, Vartdals-fjorden. 2. Namn med eit karakteriserande førsteledd: Brei-sundet, Kald-fjorden, Inn-fjorden, Sør-fjorden, Bjørne-fjorden, Is-fjorden, Laksefjorden, Stav-fjorden. Desse namna er lettskjønelege og oftast laga i relativt nyare tid. Dei fleste er ikkje opphavleg gitt som fjordnamn.

Eit karakteristisk drag for dei eldste norske fjordnamna er at dei er usamansette, dvs. at dei er avleidde av ‘rotord’ med ymse suffiks. Suffiksa i fjordnamna er ofte av same slag som i elvenamn, innsjønamn og øynamn.

Vi skal setje opp ein del av dei eldste fjordnamna for å vise kor dei lar seg ordne etter suffiks i gno.

-d-:    *Valdr (® Volda).

-i:  *Aldi (® Olden), *Arni (® Arna), *Birgsi (® Børsa), *Gloppi (® Gloppen), *Guli (® Gulen), *Hýi (® Hyen), *Jalsi (® Jelsa), *Lóði (® Loen), *Veri (® Verran), *Vindgi (® Vingen), *Vindi (® Vindafjord).

-ir:     *Etnir (® Etne), *Hvínir (® Kvinesdal), *Lygrir (® Lygrespollen),          *Syfðir (® Syvde), *Þósi(r) (® Tosen), *Vixir      (®  Vikse).

-n: Drafn (® Drammen), *Fj_oz_rn (® Fensfjorden), ® Sogn.

-str:    *Fístr (® Fister), *Lústr (® Luster), *Mynstr (® Mølstrevåg), *Ørstr (® Ørsta).

-und: *Hj_oz_rund (® Hjørundfjord), _O__z_lund (® Ølen).

Einstaka namn: T.d. ® Angr, *Aurr (® Aursfjorden), Glaumr (®  Glomfjord), ® Harmr, *Raptr (® Raftsundet), Róðr (® Rosfjorden).

Storparten av dei usamansette fjordnamna er hankjønnsord i likskap med appellativa *angr og fj_oz_rðr. Relativt få av fjordnamna er hokjønnsord; av dei ovannemnde *Hj_oz_rund og O__z__lund. I nyare tid har nokre namn skift kjønn frå m til f: *Imstr (® Imsterfjorden), *Valdr, *Ørstr.

Når det gjeld tydingsinnhaldet for dei usms. fjordnamna, er det, naturleg nok, ofte vanskeleg å slå fast. Det er lettast å finne tydinga for namn som er identiske med appellativ som er kjende i seinare norsk (gno. ) og/eller i andre nordiske og germanske mål, t.d. Angr, *Aurr, Fold (® Folda), *Kjóðr (® Kjødspollen), *Nál og *Raptr. Vandare er det å tolke dei avleidde namna som t.d. *Lústr og *Øygir, og uttydinga blir ofte uviss.

Vi skal likevel prøve ei grov inndeling etter tydingsinnhald av dei tidlegare nemnde usms. fjordnamna (med tillegg av nokre til):

  1. Ver- og straumtilhøva: a) sterk straum: *Aldi, *Arni, Drafn, Sogn, *Valdr;

    b) sterk vind: *Fístr, Glaumr, Harmr? *Jalsi, *Vindgi, *Ørstr;

    c) stille, roleg (fjord): *Lofri (® Lovrafjorden), *Lygnir (® Lygnen), *Sveðri (® Sværefjorden), *Veri.

  1. Forma på fjorden: a) brei/smal: *Flístr, Fold, *Gloppi, *Kíll       (® kil), *Kjóðr, *Malr (® Malangen); b) bein/krokete: *Raptr, *Syfðir, *Vindi, *Vixir.

  2. Lendet kring fjorden: *Birgsi, *Lóði, *Lygrir (® Lygrespollen).

  3. Ferdsle: *Fj_oz_rn.

  4. Avleiing til elvenamn: *Etnir, *Fj_oz_lnir (® Fjelna), *Hvínir (® Kvinesdal).

  5. Avleiing til øynamn: *Lygrir (til Lygra, ® Luro).

Den største gruppa er fjordar som synest å ha fått namn etter ver- og straumforholda i fjorden. Dette er rimeleg, då fjorden var svært viktig som ferdselsåre og fiskeplass.

Alderen på dei usms. fjordnamna er svært høg; ein kan trygt rekne med at mange av dei er eit par tusen år gamle. Det er tydeleg bl. a. ut ifrå den lagingsmåten som er nytta, avleiing ved suffiks. Når det opphavlege ‘rotordet’ – eller i nokre tilfelle appellativet – stundom ikkje er representert i seinare (t.d. norr. ) ordforråd, tyder det òg på høg elde. Likevel ser det ut til at to andre namneslag, elve- og øynamn, stundom kan vera endå eldre. Prov for det er ir-lagingane i fjordnamn, som m. a. inneheld avleiingar til elve- og øynamn.

Men også sms. fjordnamn kan vera gamle. Reint allment torer ein nok rekne med at slike namn kan vera laga frå (sein) urnordisk tid. Eit moment som talar for det er at mest alle islandske fjordnamn er sms., og Island vart jo busett av nordmenn alt frå slutten av 800-talet. Dette gjeld for namn med grunnordet fj_oz_rðr (®_fjord_). Men ei gruppe sms. namn synest vera eldre enn samansetningane med -fj_oz_rðr. Det er dei nesten 80 fjordnamna med sisteleddet ® angr. Fleire av angr-samansetningane synest å ha eit usms. fjordnamn som førsteledd, t.d. Malangr (*Malr). M. Olsen reknar med at denne namnetypen var produktiv det siste halve tusenåret før vikingtida (før ca. 800–1050). I alle fall finst det knappast angr-namn på vesthavsøyane, som hadde norsk folkesetnad. Svært gamle tykkjest også iflir-fjordnamna å vera (® Sunnylven, ® Sykkylven, ® Vanylven).

I norr. tid var altså samansetning med -angr og -iflir ikkje lenger levande. Nokre få namn var òg sms. med dei uproduktive grunnorda marr ‘hav, sjø’ (® Grenmar, ® Vestmar) og særsjø). Derimot var samansetning med -fj_oz_rðr hyppig. Mange av dei usms. fjordnamna som er nemnde ovanfor, er sms. med -fj_oz_rðr alt i dei eldste skriftlege kjeldene, t.d. Gloppafj_oz_rðr, Hj_oz_rundarfj_oz_rðr, Hvínisfj_oz_rðr, Lústrarfj_oz_rðr, Lygrisfj_oz_rðr, Øygisfj_oz_rðr. Seinare har så tendensen til samansetjing med -fj_oz_rðr/-fjord (og andre grunnord, t.d. ® kil, ® kjos, ® poll, ® sund, ® våg) vorte forsterka, slik at i dag er dei fleste opphavleg usms. fjordnamn samansetningar: Sogn > Sognefjorden, *Jalsi > Jelsavågen, *Etnir > Etnepollen. Også mange av dei gamle sms. angr-namna og alle iflir-namna har fått tillegg: Harðangr > Hardangerfjorden, *Vaniflir > Vanylvsfjorden. Det er helst i Nord-Noreg at gamle usms. fjordnamn enno er levande; det gjeld òg angr-namn.

Dei fleste gamle fjordnamna har altså gjennomgått eit namneskifte frå usms. til sms. namn, der det eldste namnet i dag er førsteledd. Fullstendig brot i samanhengen er det ikkje ved slike skifte.

Men i ein del tilfelle har det skjedd namneskifte der det gamle fjordnamnet er bytt ut med eit nytt, som etter O. Ryghs granskingar alltid er sms.: Fold > Oslofjorden, *Fj_oz_lnir > Vinjefjorden, Grenmarr > Langesundsfjorden, Harðsær > Krossfjorden, *Sandangr > Gjerdsvika (Sande komm, MogR). To namneskifte har gått føre seg ved *Hvínir> Hvínisfj_oz_rðr > Fedafjorden og *Hellir > Hellisfj_oz_rðr> Iddefjorden.

Grunnen til at namna har skift, har vel i dei fleste tilfelle vore at det usms. fjordnamnet har gått over til å fungere også som bygde- eller områdenamn, og at det derfor har vorte naudsynt å skilje ut fjordnamnet ved eit forklarande tillegg. Derimot er det uklart kva som kan liggje til grunn for fullstendige namneskifte som Grenmarr > Langesundsfjorden etc., eller tap av fjordnamn som er kjende frå norr. tid, men som ikkje kan lokaliserast i dag (Tregi og Hroði).

Litteratur

P. Hovda i MM 1955 s. 124-37 og i KLNM XII Sp. 237-39. F. Jónsson i NoB 1916 s. 73-86. M. Olsen i ANF 1906 s. 103-27. M. Olsen i NK V s. 32-37. O. Riste i Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 33 (1950) s. 24-28. Rygh 1896. Skulerud 1946.