Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Øynamn

Av Oddvar Nes

Flittige forskarar har funne at i Noreg er det 55 875 øyar og holmar «forutan båar og skjer» (Allkunneboka). Mesteparten av desse øyane er ubygde; berre ca. 2200 har eller har hatt fast busetnad.

Storparten av øy- og holmnamna er samansette. Dei har eit førsteledd (utmerkingsledd), t.d. Fugl-, Raud-, Stor- og eit sisteledd (grunnord), t.d. ® holm(e), ® skjer, ® øy.

Opphavet til namna er svært skiftande. Namngivarane har gjerne fest seg ved særdrag ved øyane: Den relative storleiken blir karakterisert ved Litleøya og Småskjera, særeige skap gir forklaringa på Brattholmen og Flatøya. Fargen er grunnlaget for ® Rødøya og Svarteskjeret, medan jordsmonnet skil ut Sandøya frå Grøtøya. Namn med grunnlag i voksterlivet er Hatløya og Laukøya; kraftig ver- eller sjødrag har ført til namn som ® Værøy og Straumøya. Like ofte finn vi namn som skildrar dyreliv på eller ved lokaliteten: Bjørnøya, Hjortholmen, Kobbholmen, ® Seløya, ® Arnøya (ørn), Fugløya, ® Måsøy, Skarvholmen, Tennholmen.

Utmerkingsleddet fortel òg om menneskeleg verksemd og utnytting av ymse slag: Hummarholmen, Teineholmen, Verpholmen (lakseverp) vitnar om gode fiskeplassar; tidlegare tiders ekstensive landbruk blir vi minte om ved namn som ® Føyno (fe), Hestholmen, Kalvøya, Sauholmen, ® Svinøy, ® Yksnøya. Dei sjøfarande trong gode ferskvasskjelder, og det må dei ha funne på stader som ® Brønnøy, ® Kjønnøya og Vassøya (® Vadsø). Minne om gammal religiøs kult er ® Godøya, ® Helgøya, ® Nærøy og ® Onsøy; nyare er t.d. ® Kirklandet. Anna menneskeleg verksemd er namnfest i eksempelvis ® Bygdøy, Eggholmen (eggfangst), Hjellholmen (fiskehjellar), Husøy, ® Måløy (møtestad), Notaholmen. Personnemningar er det òg mange av: Håkonsholmen, ® Karlsøy, ® Rolvsøy; ® Kjerringøy, Mesterøya, ® Munkholmen, ® Tjuvholmen, Tyskarholmen. Namna er i dette høvet ofte gitt med bakgrunn i spesielle hendingar.

Lægjet gir også grunn til namn, t.d. Kråholmen, Nidøya, Nordøyane. Mange øynamn har eit anna stadnamn som utmerkingsledd: Flakstadøy, ® Gurskøya, ® Hareidlandet, Leknesøya, ® Nerlandsøy. I tillegg kjem tidlegare usms. øynamn, t.d. ® Borgund, ® Hinnøya, ® Karmøy.

Jamføringsnamna må òg nemnast. Dei er gitt med bakgrunn i særdraga ved lokalitetane, særleg likskap i form, og «har sitt opphav i ein førestellingsassosiasjon ved likskap» (Slyngstad). Flesteparten av jamføringsnamna er usamansette: Bollen, Dyna, Kvalen, Kyrkja og Skipet siktar til skapet: ® Galten, Hunden, Oksen medar på form eller lægje (tabunamn? ), medan Hanen, Kråka og Kverna gir uttrykk for ymse slag lyd ved sjøbrot, og Levra, Kvitingen og Rauden har ein særkjennande farge.

Dei usms. jamføringsnamna som er nemnde ovanfor, er oftast relativt unge. Vi ser at dei i mange tilfelle er identiske med appellativ og at dei då jamnast har same kjønn som appellativet. Alderen til dei sms. øy- og holmnamna som er omtala, er vanskeleg å fastslå. Stort sett kan vi vel seie at namna er laga frå urnordisk tid og frametter til 16-1700-talet. Namn som t.d. Bjarkøy, Brønnøy og Bygdøy er heimla i norr. skrifter og er sikkert minst 1000 år gamle, medan andre namn dukkar opp i skrift langt seinare – noko som naturlegvis ikkje treng vitne om lågare alder. Av dei eldste sms. øynamna er slike som har heidne kultminne i førsteleddet: Godøy (gud), Helgøya (heilag), Nærøy (Njord, norr. Njarðøy), Onsøy (Odin), norr. Njarðarl_oz_g (Njord, no Tysnesøy). Desse namna er nok frå urnordisk tid. Det same gjeld òg ein del andre sms. øynamn som t.d. ® Askrova, ® Aralden, ® Batalden og ® Fjelberg (gno. Fj_oz_lbyrja).

Men dei aller eldste norske øynamna er slike som opphavleg og til dels enno er kjennemerkte ved at dei er usamansette og avleidde med suffiks. I artikkelen Fjordnamn er det nemnt at suffiksa i naturnamna prinsipielt ikkje er avgrensa til visse namnegrupper. Øynamna kan ordnast etter suffiks i norr. og ein del av dei skal vi stille opp slik (nokre namn synest å vera nær på identiske med appellativ, og dei er samla i ei gruppe til slutt):

-a:  Aspa (® Aspa), Brúa (® Bru), *Gadda (® Goddo), *Grýta (® Grytøya), Leka (® Leka), Lygra (® Luro, Lygra), *Senja (® Senja), *Strjóna (® Strøno), Tautra (® Tautra), Þjótta (®             Kjøtta, ® Tjøtta), Þruma (® Tromøy), *Veiga (® Vega).

-1(a):   Bymbil (® Bømlo), Hugl (® Huglo), Smyl (® Smøla), Herðla                 (® Herdla).

-m(a):      Stolm (® Stolmen), *Dolm(a) (® Dolmøya), *Golma (® Golma), *Tjúma (® Tjøme).

-n(a):   Bókn (® Bokn), *Fogn (® Fogn), Fólgsn (® Fosen), Hinn (® Hinnøya), *Ógn (® Ognøy), Sj_oz_rn (® Sjernarøy), *Sókn (® Sokn), *Þriðn (® Træna), Halsna (® Halsnøy), *Losna (® Losna).

-s(a):   *Heiz (® Heissa), Hís (® Hisarøy, ® Hisøy), *Sm_oz_ls (no Bremangerlandet, ® Hornelen), Trums (® Troms), *BrimsaBrimse), *Eiðsa (® Idse), *Gorsa (® Gossa), *Ímsa (® Imsa, øy), *Vágsa (® Voksa).

-d/-ð/-t: Sild (® Silda), Freið (® Frei), *Fruðar fleirt. (® Froan), *Hengð (® Heng), H_oz_ð (® Hareidlandet), *Jóð (® Jøa), Storð (® Stord), O__z__mð (® Andøy), K_oz_rmt (® Karmøy), Rótt (® Rott).

-dr: *Aldr (® Aldra), *Spildra (® Spildra).

-g og -k: *Bolg (® Bolga), *Hisk (® Hiskjo).

-ing:    *Dilling (® Dilling), Gerðing (® Gjerdinga), *Hvítingr m (®                  Kvitsøy), *Þrymlingar fleirt. (® Tromlingene).

-ista:    *Gimista (® Gimsøy 2), Rafnista (® Ramstad).

-st(r):   *Flóstr (® Flosta), *Mostr (® Moster, ® Mosterøy), Óst (® Ostøya), Óstr (® Osterøy), Rekstr (® Reksta, ® Reksteren).

-tr:  Hitr (® Hidra, ® Hitra), Sótr (® Sotra), *Títrar fleirt. (® Titran).

-und:   *Aspund (® Asponn), ® Borgund, Eikund (® Eigerøy), Jalund (® Jeløya), *Lofund (® Lovund), Sólund(ir) (® Solund).

Einstaka namn er t.d. Aldi (® A1den), Aumar fleirt. (® Kvitsøy), Fenring (® Askøy), Frøy (® Frøya), *Mold (® Molla), *Njót (® Nøtterøy), Ó (® Ovågen), Rund (® Runde), Síri (® Utsira), Skrofar fleirt. (® Skrova), *Tíar fleirt. (® Inntian, ® Uttian), *Umbar fleirt. (® Ombo).

Øynamn identiske med appellativ er t.d. : Aur (® Jomfruland), Dyn (®               Dønna), *F_oz_nn (® Fonno), Gizki m (® Giske), *Huft (® Hufto), *H_oz_m ® Hamarøy), Kinn (® Kinn), *Mj_oz_ðm (® Mjømna) Ón (® Ona), *Ósk (® Uskjo), R_oz_ð (® Radøy), Skarpa/Skorpa (® Skorpa), *Súla (® Sula), *Talga (® Talgje), *Þ_oz_mb (® Tomma), Vigr (® Vigra), *V_oz_rn (® Vanna).

 Ein del øynamn i ytre delen av Oslo-fjorden har i dag endinga -er, ® Færder, ® Svenner, med funksjon som eit suffiks. Opphavleg er det fleirtallsendinga norr. -ar som så seinare har spreidd seg ved analogi.

Når det gjeld grammatisk kjønn, er den store mengda av dei gamle usms. øynamna opphavlege hokjønnsord. Ytterst få namn har eintydig maskulin form i norr. ; i materialet ovanfor finn vi berre Aldi, *Hvítingr og Síri (*Barmr og Gizki er sikkert opphavlege jamføringsnamn og maskuline i samsvar med det som er sagt lenger framme). I nyare tid har nokre øynamn skift kjønn. Rekstr, Stolm og Storð har i vår tid formelt maskulin form, men denne forma er gammal f. dat. eint.

Dei gamle usms. øynamna er titt vande å tolke. Lettast er det å kome fram til tydinga for øynamn som er formlike med appellativ eller som synest vera avleidde til kjende ord, fleire eks. Aur, *Barmr, Dyn, *Gerðing, *Gorsa, *Mold, *Njót, *Vikn. Verre er det å lette på sløret som hyller inn tydinga til namn som Freið, Hís, *Senja, Sótr og *Títrar, men oftast kan det lykkast.

Etter tydingsinnhaldet som granskarane har funne for dei eldste usms. øynamna, skal vi gruppere dei grovt i følgjande grupper:

1.   Skapet på øya: Øyane har ofte namn som merkjer dei ut som spesielle høgdeformasjonar: Aldi, Borgund, Bymbil, *Huft, Hugl, *Hyfring, Kinn, *Mostr (® Mosterøy), Stolm, Storð, Þjótta. Elles kan ein innskoren kyst vera namngivingsgrunn: *Eiðsa, Halsna, *Senja, Smyl, Sólund(ir), Tautra, *Vágsa, * Vikn. Vidare er lengda på øya opphavet til *Spildr og *Tjúma, medan låglende har ført til Gizki. *HjólTjul) er rund, *Þriðn er samnamn for tre øyar og *Fj_oz_rð (® Færder) skal sikte til at øygruppa femner om fire øyar.

2.   Lægje: Øyar som ligg ut mot storhavet har gjerne fått namn som medar på funksjonen som ‘vern’, ‘kant’ eller ‘den fremste’: Aumar, Brúa, Frøy, *Gerðing, K_oz_rmt, Rund, Þruma, *Vernd, *V_oz_rnVanna). Ofte ligg øya så nær ei anna (større) øy eller fastlandet at ho kan tykkjest å vera fråskoren eller ei forlenging: Dolm(a), *Flóstr, Herðla, Hís (® Hisøy), *Jóð, *Losna, Rekstr, *Súla.

3.   Lende og jordsmonn på øyane er grunnen til namn som: Aur, Fenring, *Gorsa, *Grýta, *Heiz, Leka, *Mostr (® Moster), Ó, Ost og *Veig(a).

4.   Fargen har vel vore karakteristisk for *Hvítingr, Lygra.

5.   Ver- og straumtilhøve kring øya har namngivarane merka seg: Dyn, *Fogn, *Fruðar, *Golma, *Imsa, Jalund, *Ógn, SíriSira), Skrofar, *Sókn, Sótr, *Strjóna, Trums og O__z__mð.

6.   Flora og fauna finn vi òg mellom namna: ® Aspa, *Aspund, Eikund, RafnistaRamstad), Sild.

7.   Menneskeleg verksemd av ymse slag har gitt namn til t.d. Fólgsn, *Njót, *Osk, *Talga, og mogleg Sj_oz_rn.

Av dei avleidde namna ovanfor synest Halsna, *Lofund og Þjótta å ha sin grunn i jamføring med kroppsdelar.

Mange av dei opphavleg usms. øynamna har seinare fått eit forklarande grunnord som tillegg: Hinn > Hinnøya, *Tjald > Tjeldøya (‘stomnform’), *H_oz_m > Hamarøy, Eikund > Eikundarøy > Eigerøy (gen.); dette gjeld oftast nord og heilt sør i landet. På Vestlandet held dei usms. namna seg best. Men felles for dei fleste øynamn som enno er usms., er at dei i vår tid har bunden artikkel: *Jóð > Jøa, Sótr > Sotra. I Rog er derimot den ubundne forma vanlegast: Bokn, Rott, Sokn, Tjul.

Ein god del av gamle øynamn er i dag borte, t.d. AumarKvitsøy), Aur, *Hund, LófótLofoten) og ® Vargfót. Grunnane kan vera fleire; Lófót har gått over til områdenamn og øya har fått eit nytt namn, ® Vestvågøy. I andre høve kjenner vi ikkje årsaka til namnedøden, t.d. for Aumar og Vargfót. Når det gjeld *Hund, så meiner M. Olsen at namnet har kome bort på grunn av tabuskikkar på sjøen. *Hund hadde same lydskap som norr. hundr m ‘hund’, og då det var tabu å nemne dyret hundr på sjøen, førte det til at øynamnet vart omlaga til Salbj_oz_rn (® Selbjørn) ‘husets bjørn’, dvs. ‘hund’. Tabunamn med bakgrunn i at øyane ligg svært farleg til for ferdsla, er ® Jomfruland og ® Landegode ‘Landegod’ eller norr. Landit góða ‘det gode landet’ er kjent som (tidlegare) namn på fleire øyar: Landegode (tidlegare namn er ukjent), Jomfruland og ® Svinøy.

Litteratur

Hald i Selskab for nordisk Filologi. Årsberetning l954-55 s. 4-9, den same i NoB 1971 s. 71-84. Hovda l94l, den same i KLNM XII sp. 236-37 og i NoB l97l s. 124-48. Indrebø 1929. Lindroth 1921 og 1922. Modéer 1933 og 1936. Olsen 1912, den same i NK V s. 37. Skulerud 1946 s. 20-25. Slyngstad 1951. Westman 1935-39. Zilliacus 1968