Gå til hovudinnhald
Stadnamnportalen

Seternamn

Av Olav T. Beito

Namn på setrar finst ikkje ofte i eldre kjelder. I dei mange mellomalderbrev som handlar om gardar, og i gamle jordbøker vert setrar sjeldan nemnde med særskilde namn. Alt i alt kjenner vi berre kring halvt hundre norske seternamn som er skriftfeste i mellomalderen. I nyare tid har det vorte meir spørsmål etter setrane ved skyldsetjing og skattlegging, og jordbøker og matriklar inneheld då fleire seternamn. Eksaminasjonsprotokollane 1722–1724  fekk ein særskild teig for skog og seter, men berre somme stader vart det oppført kva setrane heitte. Frå eldre nynorsk tid har vi då heller ikkje noko stort namnetilfang, berre litt over 3800 seternamn føre 1725. Ei systematisk innsamling av norske seternamn vart gjennomført i 1930- åra av Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Då vart oppskrivne om lag 48 000 namn, og talet er auka med om lag 1000 ved seinare supplering.

Dei fleste seternamna finst inne i landet, i fjell- og dalbygder, der seterbruket har halde seg best til vår tid; namna er langt færre på flatbygder og etter havstranda, der det somme stader ikkje er funne noko seternamn.

Setrane er ofte namngjevne etter staden der dei ligg, etter lende og lægje. Slike namn som inneheld naturnemningar, finst spreidde over heile seterområdet og speglar av det skiftande landskapet. Ein kan her skilje mellom to hovudtypar: a) Naturnemninga er overført på setra, og utgjer det som eg vel å kalle grunnord i seternamnet. b) Naturnemninga tener til utmerking av staden og går inn i førelekken av ei samansetjing og vert her kalla utmerkingsord. Etterlekken (grunnordet) har då oftast ei tyding som vitnar om menneskeleg verksemd på staden, særleg i samband med krøterhaldet, tidast ord for seter. I einskilde tilfelle finst enno båe typane nytta om same staden. Såleis heiter det t.d. om garden Lie i Øystre Slidre, at han har «Støl i Vassklepp» og namnet på setra kan vera Vasskleppstølen eller oftast Vassklepp. Setra ligg på hallet av Vassklepphøgde ned mot Vinstervatnet. Vassklepp er det opphavlege namnet på denne høgda, men det er overført på setra, og lendenamnet har fått eit utskiljande tillegg.

Opphavlege naturnemningar er grunnord i om lag 40 prosent av alle seternamn. Dei fordeler seg på meir enn hundre ulike grunnord, som har vore meir eller mindre produktive. Mesta halvparten av desse namna samlar seg om fem grunnord: dal, li, vang, voll og ås. I heiar og fjell har dalar med elvar og fiskevatn bode dei beste vilkår for seterbygging. Grunnorda vang, voll og ås har sine særskilde intensitetsområde, der dei er særs vanlege i seternamn og har fått særtydinga ‘seter’ eller ‘setervoll’ (sjå dei einskilde grunnorda). Desse kan ein difor òg rekne til den store gruppa av grunnord som høyrer saman med støl eller seter, og dei andre naturnemningane er grunnord i snautt ein fjerdepart av alle seternamn.

Seter, set(e), støl og sel er grunnord i vel så halvparten av alle seternamn (sjå dei einskilde grunnorda), andre bustad- eller kulturnemningar er heller fåe.

Grunnorda er til vanleg substantiv, og oftast er det levande appellativ i bundne former, viktigaste unnataket er set(e).

Etter måten sjeldan lagar grunnord aleine seternamn; i meir enn ni av ti tilfelle har namna ei utmerking som kan vera lausare eller fastare samanbunden med grunnordet. Stundom er utmerkinga eit preposisjonsuttrykk, t.d. Vangen i Finndalen (Lom). Til vanleg går utmerkingsordet inn som fyrste samansetjingslekk i seternamnet. Utmerkingsorda syner større variasjon enn grunnorda. Dette er vanleg ved stadnamn i det heile, men gjeld i uvanleg høg grad seternamna, av di desse samlar seg så mykje om få grunnord. Fleirtalet av utmerkingsord er nok substantiv, men her er langt fleire ord av andre klasser enn blant grunnorda. Såleis har adjektiv heller stor frekvens som utmerkingsord, særleg gammal og ny sms. med ® seter eller ® støl. Fyrste samansetjingslekken står oftast i stomnform.

Største gruppa av utmerkingsord utgjer bustadnamna. Det er namn på gardar eller bruk som setrane står eller har stade i eige- eller brukstilhøve til, flest er dei til grunnord som tyder ® seter, der dei utgjer meir enn halvparten.

Nest største gruppa av utmerkingsord er naturnemningar. Dei går inn i mesta ein fjerdepart av alle samansetjingane, og utgjer vel så halvparten ved grunnord som er naturnemningar.

Personnemningar, appellativ eller særnamn, er utmerkingsord i eit par tusen seternamn. Oftast merkjer dei av kven som er eller har vore eigar eller brukar av setra. I einskilde tilfelle kan grunnordet falle bort, som ved Hallvoren for Hallvorstølen (Vestre Slidre) og Jutulen eller Jutulstølen (Nord-Aurdal). Stormengda av personnemningane er særnamn.

I det heile er særnamna mange mellom utmerkingsorda; alt i alt går dei vel inn i over helvta av dei samansette seternamna. Dette er då eit heilt anna tilhøve enn ved grunnorda. Særnamn har større individualiserande evne enn andre ord og er difor særs tenlege til utmerking. Dette kjem vel fram i andre namnegrupper òg; men ved seternamna er særnamn til utmerkingsord så vanlege at det vert eit karakteristisk drag, og mest fell i augo dei talrike gardnamna i førstelekken. - I høve til andre stadnamn, som gardnamn og naturnamn, syner det seg såleis at seternamna ofte er sekundære.

Dei historiske kjeldene gjev oss heller få positive opplysningar om alderen på seternamna. Vi må mest halde oss til namneoppskrifter frå notida utan beinveges hjelp av historisk overlevering. Men i sine noverande former ser seternamna oftast unge ut. Det er etter måten få namn som ikkje er språkleg klåre; gammaldagse eller avlagde ord og former er ikkje mange; dei fleste namna har bundne former, og usamansette namn er heller sjeldsynte. Desse omstenda og dei historiske kjeldene peikar såleis i same lei, og syner at stormengda av dei noverande seternamna er frå nyare tid. I denne tida er vel òg eit fleirtal av dei noverande setrane bygde. Men seterbruket er eldgammalt i vårt land, og somme typar av seternamn kan vera gamle.

Grunnorda ® seter, ® set(e), ® støl og ® sel lagar oftast primære seternamn, og vi har døme frå mellomalderen. Medan både seter, støl og sel framleis er produktive i namnelaging, synest set(e) ikkje ha vore noko verksamt til laging av seternamn i nyare tid.

Naturnamn er nok oftast sekundære i bruk om setrar; men stundom kan vel ein elles uviktig stad ha vekt interesse og fyrst fått namn i samband med seterbruket. Grunnorda vang, voll og ås har vorte produktive til laging av seternamn, og vi har døme på at naturnamn tidleg har vore i bruk om setrar, t.d. norr. Græningar, setra der kong Olav Haraldsson skal ha overnatta i året l028, no Grønningen, gard i Norddal. Naturnamn merkjer etter måten ofte av setergrender, og grendenamna er av dei eldste seternamna. Einstaka uklåre namn på setergrender som Sjung i Lesja, Strø i Vestre Slidre, Spæ i Sogndal og Tann i Ringebu er vel av våre aller eldste seternamn. Språkleg står dei på line med våre eldste gardnamn. Når det no finst få slike gamle seternamn, kjem det nok av at seternamna har hatt liten stabilitet.

Litteratur

Beito 1949. Edv. Bull d. e. , Sammenlignende studier over bondesamfundets kulturforhold, Oslo 1929. Reinton 1961.